Tekst: Idar Lind – Melodi: Frode Viken

Jula b’ynt bestandig i september
når ho mamma pakka gavan som ho sendt
Det var godsaker og heim-strekka strømpa
te ein sjømann som ingen av oss kjent
Og på julkveld’n, når vi hadd åpna pakkan
og vi var mett og julheftan lest
gikk tankan som snarast over havet
te sjømannskjerka, der det og var fest

Utpå vårpart’n kom takkebrev i post’n
etter daga, vækka, måna underveis
Frå ein styrmann som var glad for nye strømpa
eller dekksgut’n som var på første reis
Det var no’n som mått ha hjelp av sjømannsprest’n
når rettskrivinga itj var så altfor stø
Ein gang fridd ein båtsmann te ho mamma
sjøl om ho var godt nok gift ifra før

Søng ein shanty for Sjømannskjerka
Over land, over hav
Søng ein shanty for Sjømannskjerka
Snart mønstre æ av
Æ kjæm heim te dæ, vil du ha mæ no
Men om det aldri kan bli oss to
så har æ ein heim der æ alltid finn ro
Ein shanty for Sjømannskjerka

No sett æ her på kjerka med avisan
Vækka-gammel, men æ skull’ itj klag
om det itj var for den herre notis’n
som sei at du ska gift dæ no i dag
Du har vesst glømt det løftet som du ga mæ
den da’n æ mønstra på, det e ei skam
No går æ og får hjelp tå sjømannsprest’n
Æ sende både faks og telegram

Copyright ©Idar Lind. Kopiering i trykt form er lov kun etter avtale med forfatterene. Offentlig framføring er lov under forutsetning av at vederlag blir betalt til TONO/n©b. Elektronisk kopiering er lov så lenge denne anmerkningen om copyright ikke blir fjernet.
Del
Til toppen